struts eller emu?

Hør hør, for her kjem dagens konkurranse! Gjer deg klar for struts eller emu! For kvart bilete som kjem, så er det opp til deg å finne ut om det er ein struts eller ein emu som er avbilda.

Visste du forresten at ein vaksen hannstruts har ca 1 kg med småstein i magen til ei kvar tid? Sidan dei manglar tenner et dei småstein som skal hjelpe til med å kverne maten.

struts 2

Struts eller emu? Visste du forresten at strutsar kan gå i dagevis utan vatn?

struts 4

Struts eller emu? Visste du forresten at strutseløp er særs populært i nokre delar av Nord-Afrika?

Om du har svaret på dagens struts eller emu så nøl ikkje! Kast deg over brevsakene dine og send eit brev til strutselleremu@likemenikkjesamefugl.com

Premie denne gongen er denne lekre Dvd-tilbakespoleren:

dvd rewinder

Følg og med neste veke når vi skal spele det temmeleg like spelet: Struts eller emo?

sondre lerche
Struts eller emo?