Idag tenkte eg at eg skulle skulle linke til nokre av mine favoritt-teikneseriar på nettet.

Først ut er White Ninja Comics. Ein dårleg teikna serie, men det den manglar i estetisk kvalitet tar den igjen i humor og bisarre punchlines.

Neste serie ut er Dueling Analogs. Denne serien er ein smule nerdete, og forutset ein del kunnskap om dataspel, men teikningane er fine og poenga er gode (om ein tar dei)

Siste stripe ut er Ctrl Alt Del. Ein serie som ein kanskje må følge litt med i for å sette pris på , men fortsatt ein festlig sak.

Og heilt til slutt ei stripe frå ein serie eg lagde ein gong. Var ein kortlevd og lite morsom serie, men eg er fornøgd med eit par av stripene, så eg kan vise ei her. God fornøyelse!’

Stormtrooper

Tar gjerne imot tips om andre seriar:)